har medlemmer fra Ørsta, Volda, Ulsteinvik, Hareid, Fosnavåg, Sande, Stranda og Ålesund kommune.
Stiftet: 30.mai 1991
Antall medlemmer: Lokallaget har xx medlemmer
Aktiviteter: Lokallaget i Nordvest har jamn aktivitet og gjennomfører som oftast to samlingar per skuleår.
Facebook: https://www.facebook.com/groups/168576978781253
Styret: Oddbjørg Myklebust, leiar (Volda ungdomskule), Kari Ryslett, nestleiar (Høgskulen i Volda) og Elisabeth Jacobsen, kasserar (Volda ungdomskule)
Kontaktperson: Oddbjørg Myklebust, oddbjorg.myklebust@voldaskulen.no
Medlemsmøte hausten 2026
Tema: Soppkurs
Stad: Ørsta
Tal deltakarar: 10
Tysdag 1.september arrangerte lokallaget i Nordvest eit soppkurs for medlemer og andre interesserte. Totalt vart 14 personar påmelde, og ti deltok på kurset, med noko varierande forkunnskapar.
Kurshaldarane Roy Garder og Elisabeth Bråten Fjeld var engasjerte og kunnskapsrike soppkunnige frå Kviven sopp- og nyttevekstforeining.

Kurset vart halde ved Hovdevatnet i Ørsta kommune og starta med ei kort innføring i ulike typar sopp og kva kjenneteikn ein skal sjå etter – både hjå dei etande artane og dei ein absolutt skal halde seg unna!
Deretter la vi ut på ein guida tur i soppskogen. Her lærte vi mellom anna å sjå etter kva biotopar som gir gode vekstvilkår for ulike typar sopp. Dei aller fleste av oss vart betre kjende med kremler, risker, kantarellar og piggsopp. Ein oppdagar fort at det finst mykje sopp i skogen når ein fyrst byrjar leita og veit kva ein skal sjå etter.
Kurshaldarane kom òg med gode tips om korleis soppen bør behandlast og førebuast for matlaging. Det vart fyrt opp både bål og primus, og fleire ulike soppar vart gjort i stand og serverte – med både smør og fløyte, og som ingrediens i risotto. Som om ikkje det var nok, vart det òg servert krema soppsuppe som var laga på førehand.
Smakspekteret var breitt, og magane vart godt mette før ein innhaldsrik og lærerik kveld vart runda av.
Eit nydeleg turområde, med badeplass og tilgong til toalett.
Ein av deltakarane sa det slik: Det var magisk – god mat, bål og stille vatn. Skulle ynskje ein berre kunne sitja der utover kvelden og nyta.



Lokallagsmøte høsten 2024
Tema: Nye kostråd og vegetarmat
Vertsskap: Hareid
Antall deltakere: 8
Ein kveld i september 2024, vart alle medlemmane nok ein gong invitert til fagleg påfyll og denne gongen også med matlaging saman. Vi møttest på Hareid ungdomsskule, der faglærar Solveig Trovåg tok imot oss. Det er alltid spennande for oss faglærarar å vere gjest på kvarandre sine undervisningskjøkken. Solveig ga oss ei fin omvising og fortalde oss om korleis ho organiserte undervisninga si.
Hovudtema for kvelden var kostråda. Førstelektor Kari Ryslett gjorde oss kjent med dei nye tilrådingane frå Helsedirektoratet , og vi hadde spesielt lagt merke til at andelen av frukt, bær og grønsaker bør aukast frå fem til åtte porsjonar per dag. Dette er visuelt svært tydeleg på den nye kostsirkelen, der halvparten er frukt, bær og grønsaker. Dette betyr at alle måltid bør ha element av frukt, bær og grønsaker, og at ein middag eller to i veka kan vere plantebasert.


Så vart det ei praktisk økt der leiar og nestleiar tok dei nye kostråda på alvor og ville slå eit slag for både vegetarmiddag og helgesnacks som smakar skikkeleg godt. På forhand hadde styret bestemt oppskrifter og handla inn matvarer. Kvar deltakar betalte kr 100.- for matvarene. På undervisningskjøkkenet på Hareid laga alle faglærarane: Banh mi – vitnamesisk baguette, Dyppa taco – aka Birra taco, Loades veggie nachos og Hummus. Å lage mat er både lærerikt og sosialt, vi fekk utveksla mange erfaringar og ikkje minst smake maten saman under måltidet Det faglege tema om å introduser fleire gode vegetarrettar på skulekjøkkenet vart også ivrig debattert. Alle var samde om at vi hadde hatt ei god og inspirerande lokallagssamling
Lokallagsmøte våren 2024
Tema: Allergier og intoleranser
Lokallagsmøte høsten 2023
Tema: Vi deler undervisningsopplegg
Lokallagsmøte våren 2023
Tema: Samisk matkultur
Lokallagsmøte 2022
Tema: Bærekraftig forbruk i mat og helse
Lokallagsmøte 2021
Fagfornyinga i mat og helse, LK2020
Tidligere møter:
- 2019: Matkjemi på skulekjøkkenet
- 2017: Glutenfritt bakekurs + Praktisk og teoretisk kurs i Kostholdsplanleggeren
- 2016: Fisk på timeplanen + Klippfiskakademiet, matlagingskurs
- 2015: Kurs om Kostholdsplanleggeren + Fiskesprell for lærarar i skulen
- 2014: Vurdering for læring i mat og helse + Mat og religion
- 2013: Utveksling av undervisningsmateriell
