Har du eit undervisningsopplegg som fungerer godt i klasserommet? Mat og helse i skolen ynskjer å byggja opp ein ressursbank med kvalitetsikra undervisningsopplegg frå lærarar til lærarar.

Krav til bidrag:

• Du må vera personleg medlem av organisasjonen Mat og helse i skolen
• Opplegget må fylgja vår fastsette mal (vedlagt malar på nynorsk og bokmål)
• Kan vera retta mot valfritt trinn
• Bilete og illustrasjonar må vera godkjende for offentleg bruk
• Opplegga vert publiserte på nettsida – nokre som opne «teaserar», andre tilgjengelege kun for medlemer

Honorar

Godkjende undervisningsopplegg vert honorert med kr 2 000 per opplegg. Kvart medlem kan senda inn opp til 5 opplegg per kalenderår (maksimalt kr 10 000 per år*). Skattefritt!

Alle innsendte undervisningsopplegg vert fagleg vurderte. Kun opplegg som held ynskt kvalitet, vert publisert og honorert. Mat og helse i skolen får rett til å bruka publiserte opplegg i eigne kanalar.

Del erfaringa di og hjelp til med å styrkja faget for kollegaer over heile landet!

Send undervisningsopplegga til: post@matoghelse.org

Mal nynorsk:

Mal bokmål:

Publisert: 3. juli 2026