
Onsdag 9. september 2026 arrangerer International Federation for Home Economics (IFHE) Region of the Americas eit internasjonalt digitalt lærarseminar med tittelen
«Building Community – Advancing Home Economics».
Korleis kan mat og helse bidra til berekraft, livskvalitet og gode lokalsamfunn – og korleis kan vi som underviser i faget samarbeida på tvers av land og fagmiljø?
IFHE Region of the Americas tilbyr i år sin fyrste seminarserie. Tema dette året tek utgangspunkt i berekraftmåla til FN og kva relevans dei har for mat og helse (home economics/family and consumer sciences).
Webinaret har fokus på å utvikla samarbeid som kan bidra til å støtta og vidareutvikla fagmiljøet innan mat og helse, samtidig som ein byggjer kompetanse for å fremja berekraft gjennom faget.
Tid: Onsdag 9. september 2026 kl. 18.30 EDT (UTC−4)
Norsk tid: kl. 00.30 natt til torsdag 10. september.
Stad: Zoom. Lenkje får du når du melder deg på.
Les meir om seminaret og meld deg på via nettsida til IFHE:
https://www.ifhe.org/events/teacher-webinar-series
