I møtet vart det nye styret konstituert, med Merete Hagen Helland som leiar, Julie Nordli som nestleiar og Zoe Otting held fram som kasserar. Ny sekretær er Kari Tande-Nilsen, og redaktørar er Jorunn Frøsland Skjelin og Ingvild Skirbekk Sagmoen. Liv Signe Bleie Ulvestadbakken har ansvar for nettsida saman med Elisabeth og Anine, og med god hjelp frå Åshild Woldstad. Anine Harila er vara og har ansvar for sosiale media. Hanne Andersen Dversnes er varamedlem. Sjå informasjon om det enkelte styremedlemher.
Vi jobbar med bidrag til læringsressursar for å «fremme estetiske læringsressurser i alle fag» for å leggja inn på seilet.no, etter invitasjon frå andre organisasjonar på Seilet.
Det vart ein god dialog om dei ulike rollene i styret, ynskje om faglege bidrag til styremøta, utvikling av nettsida og sosiale media. I fyrste omgong var det oppdatering av styret på nettsida og markering av ulike høgtider og merkedagar med bilete på Instagram og Facebook.

