
Sidan førre styremøte har vi lagt ut saker på nettsida, det siste som er aktuelt no, er NOU 2026:10: Fellesskolen, som har større fokus på praktisk-estetiske fag. Sjekk det ut her.
Utgåva av tidsskriftet denne hausten er i rute og har temaet «Mat og helse i et tverrfaglig perspektiv». Utsending er planlagt fyrste del av oktober. Tema for tidsskriftet til våren vart diskutert, og etter innspel frå eitt av våre medlemer landa vi på «Berekraft i praksis». Sist vi hadde berekraft som tema var i 2018 og mykje har skjedd sidan den gong. Husk at du òg kan senda inn ynskje om tema dersom det er eit tema du ynskjer eit djupdykk i. Alle utgjevne utgåver av tidsskriftet kan du lesa her.
I samband med å honorera mat- og helselærarar for å dela undervisningsopplegg, skal vi laga og leggja ut døme på opplegg til 1.-4.trinn, 5.-7. trinn og 8.-10.trinn.
Konferansen er i rute, og vi gler oss til å sjå deg der! Sjå program og meld deg på her.
Snart vil du motta nyheitsbrev på e-post to gonger i halvåret, fyrste er planlagt i løpet av september. Gled dykk!
Neste møte vert 16.september.
