Merete presenterte MHiS, der vi har rundt 500 betalande medlemer, men nesten 4500 som er medlem av Facebook-sida. Vidare fortalde ho at styret legg ned ein del gratisarbeid/dugnad, og har, med tilskot, fått høve til å tilsetja ein person i 20% stilling. Vi har von om å auka denne stillingsprosenten! Ho presenterte lokallaga, at styremedlemene er spreidde rundt i heile landet, og at vi består av lærarar i fleire deler av undervisningsfeltet, frå barnetrinn og bygde-Noreg, til UH-sektor og storby. Ho fortalde om samfunnsoppdraget til MHiS, og at vi omset læreplan ut i praksis.
Aase Lømo sine tankar og spørsmål innebar å minna oss om å lesa rapporten «Uten fagarbeidere – ingen matnasjon» og bad oss ha fokus på heile utdanningsløpet. Mat- og helselæraren er ein viktig inspirator for å få fleire til å velja ein yrkesveg innan matfag! Korleis jobbar MHiS, kva er vårt bidrag inn i dette? Di høgare i skuleverket vi jobbar mot, di meir interessant er det for departementet. Vi fekk òg diskutert om prosessane som går føre seg før eventuell statsstøtte.
I møtet elles diskuterte vi å gje ei godtgjering til medlemer for å dela undervisningsopplegg, og vi skal gjera ei utbetring av malen som ligg på nettsida. Undervisningsopplegga som vert delt på sida skal kvalitetssikrast av styret. Nokre skal ligga opne på nettsida, medan andre berre vert tilgjengeleg for medlemer. Meir informasjon kjem i løpet av sommaren.
I tillegg var rammeplanen for lærarutdanningane, planar for Mat- og helsekonferansen 2026 og arbeid med tidskriftet teke opp som eigne saker. Vi har endelig fått DOI-nummer til dei vitskapelege artiklane i tidsskriftet. Artiklane vil verta oppdaterte så raskt som mogleg, etter siste stadfesting frå Crossref.

