Vi har fått fleire nye medlemer, velkomne!

Nyhetsbrev på e-post er på veg ut til medlemene – det gler vi oss til!

På Geitmyra sitt 15-årsjubileum fekk vi både vist oss fram, helst på representantar frå opplysningskontora og andre gjestar, og ikkje minst smakt fantastisk mat laga av engasjerte ungdomar.

Har du eit undervisningsopplegg som fungerer godt i di undervisning, og som du ynskjer å dela med andre? Då kan du fylla ut malen som du finn nedst på denne sida. Undervisningsopplegget kan vera retta mot småtrinnet, mellomtrinnet eller ungdomstrinnet. Det er allereie kome inn undervisningsopplegg som er godkjende av styret. Desse vert lagt ut på nettsida innan kort tid, og utbetaling er på veg til innsendarane. Nokre vert lagt bak betalingsmur.

Minnar om at fristen for påmelding til konferansen er 1.oktober – har du ikkje meldt deg på, har du litt tid att. Det vert lagt ut litt informasjon om foredragshaldarar på Facebook og Instagram.

Elles dukkar det opp lokallagsmøte innimellom – sjekk ut kalendaren vår. Informasjon om dei ulike lokallaga finn du her.

Vi er fram til ein  aktiv og innhaldsrik haust, og ikkje minst til å møta medlemer og samarbeidspartnarar på konferansen!

Publisert: 25. september 2026