Då Skolekjøkkenlærerinnenes landsforening vart skipa i 1920, var det ei heilt anna tid enn i dag. Dette var i mellomkrigstida, med fokus på å sikra nok og rett mat, og Noreg var framleis ein ung nasjon. Det var berre 15 år sidan unionsoppløysinga og to år sidan fyrste verdskrigen tok slutt. Det var enno fire år til Ingrid Espelid Hovig vart fødd og til dei fyrste prøvesendingane frå Kringkastingsselskapet som seinare vart ein del av NRK si historie.

I dag er matglede eitt av elementa i dei norske kostråda. Noreg har kokkar som hevdar seg på internasjonalt toppnivå, stadig fleire lærarar har vidareutdanning i mat og helse, og det er mogleg å ta vidareutdanning både på deltid og heiltid ved fleire universitet og høgskular.

Gjennom desse 106 åra har faget utvikla seg frå å ha hovudvekt på å sikra nok og næringsrik mat til òg å omfatta matglede, berekraft, folkehelse, matkultur og danning. Og Mat og helse i skolen har gått frå brevkorrespondanse til e-post, digitale møte, Instagram, Facebook og tidsskriftet vårt som både er digitalt og fysisk.

Styret har i dag 10 digitale møte i året og representerer alle landsdelane, i tråd med vedtektene. I 2026 er styret breitt samansett. Dei 9 styremedlemene representerer heile utdanningsløpet – frå undervisning på barnetrinn og ungdomsskule til utdanning av nye mat- og helselærarar og forsking.

Alle i styret har eit brennande stort engasjement for eit fag som rommar nesten alle fag i grunnskulen, og eit fag der kunnskapen og erfaringa elevane får, kan verta brukt kvar dag, resten av livet. Naturlegvis ynskjer vi fleire timar i faget, men vi har ei von om  at alle deler av faget vert nytta, og at lærarane har eller har høve til å få formell kompetanse i faget.

Har du noko du ynskjer å formidla? Tidsskriftet vårt Mat og helse i skolen er godkjend på nivå 1 og publiserer både populærvitskaplege og vitskaplege artiklar. Vi ynskjer bidrag i begge sjangrar. Tidsskriftet kjem ut to gonger i året.

Kvar haust arrangerer vi Mat- og helsekonferansen, i år er denne lagt til Universitetet i Innlandet, campus Elverum, 29.oktober. Tema for konferansen er Ferdigheter for fremtiden. Du kan melda deg på her.

Kanalane vi nyttar elles er nettsida matoghelse.org, Instagram og Facebook, og vi kan elles kontaktast på e-post.

I år tok organisasjonen eit viktig steg vidare då vi fekk høve til å tilsetja ein medarbeidar i 20 % stilling. Elisabeth Skårberg har arbeidsplass på Seilet i Oslo og er førebels tilsett for to år.

Vi vedtok elles i år å gje honorar til lærarar som sender inn gode undervisningsopplegg. Vi har ein eigen mal som skal brukast til dette. Opplegga vert godkjende av styret. Nokre av desse vert lagt ope, medan andre er tilgjengeleg for betalande medlemer. Les meir her.

Vil du lesa om historia vår, frå Skolekjøkkenlærerinnenes landsforening i 1920 til Mat og helse i skolen i dag, kan du lesa meir her

Publisert: 5. august 2026