Foto:Kari Ryslett
Foto: Kari Ryslett

Høgskulen i Volda har ein svært lang tradisjon med å tilby praktisk undervisning på skulekjøkkenet. Skulekjøkkenopplæring for dei kvinnelege elevane ved Volda lærarskule tok til i 1923, etter at det nye skulebygget vart tatt i bruk i Volda (Kirke- og undervisningsdepartementet ved Statens skolekjøkkenkonsulent, 1941).

Med ei snart 100 år lang historie med praktisk kjøkkenundervisning, betyr det at kjøkkenet har vore renovert ved fleire høve. Frå starten heitte faget Husstell, og i 1959 vart det obligatorisk for både gutar og jenter under namnet Heimkunnskap. l 2006 vart namnet på nytt endra til Mat og helse og fagprofilen vart tydeleg retta mot meir mat og matlaging enn tidlegare (Øverbø & Engeset, 2020). Gjennom historia har faget endra seg med omsyn til læreplanar, undervisning, og ikkje minst utstyr og utforming av kjøkken.

Skulekjøkkenet ved lærarskulen i Volda vart i 1930 etablert og omtala som eit særs godt laboratoriekjøkken som letta arbeidet med dei enklaste grunnreglane for matstellet, altså «det som alle må ha prøvd før dei kan få lage meir samansette rettar» (Kirke- og undervisningsdepartementet ved Statens skolekjøkkenkonsulent, s. 58, 1941).  Det var ei periode på 80 og 90-talet der ein slutta på bruke kjøkkenet ved lærarskulen, og i staden gjennomførte undervising ved lokale grunnskular. Kjøkkenet vart seinare reetablert ved lærarskulen og eit nytt skulekjøkkenet var på plass i 2000, i dei same lokala som før. I 2021 hadde dette «nye» kjøkkenet vore i aktiv bruk i 20 år, og på ny modent for modernisering og renovering. I dag står det nyrenoverte undervisningskjøkkenet fram som moderne, funksjonelt og i stil med det ærverdige Henrik Kaarstad-huset ved Høgskulen i Volda.

Planleggingsarbeidet for renoveringa starta med utvikling av ei oppdatert planløysing, med ein fargepalett som var i harmoni med det klassiske Henrik Kaarstad-huset. Det vart valt Sigdal kjøkkeninnredning. Planleggingsarbeidet var eit samarbeid med interiørarkitekt Benedikte Blomberg, og Hauken Handverksteneste AS gjennomførte sjølve renovasjonsarbeidet. Til undervisningskjøkkenet høyrer med tre lagerrom der kjølerom er plassert i det eine, og eit blir brukt til uteutstyr som bålpanner, steiketakker, grill og ved mm., samt garderobe med låsbare skap i gangen utanfor og eige toalett.

Behova før renovering vart skissert slik:

  • Kjøkkenet fungerte godt med plasseringa av dei fire kjøkkenøyane med komfyr og manuell oppvaskplass, med plass til 16-20 studentar. Det som måtte endrast var å få ein effektiv og rask felles oppvaskplass, samt gode oppbevaringsløysingar til kjøkkenutstyr, matvarer, vaskemaskin/ tørketrommel og avfallsortering.
  • Det var behov for universell utforming av ei kjøkkenøy med hev/senk funksjon der rullestolbrukar kan bruke komfyr, steikeomn, oppvaskplass og benkeplate.
  • Vi hadde for lite sitteplassar til enkelte studentgrupper og ønska nye spisestuemøblar med plass til minimum 20 personar
  • Kjøkkeninnredninga var slitt og ny kjøkkeninnredning med funksjonell og enklare oppbevaring av utstyr var nødvendig
  • Det var behov for eige skap til spesialkost, som glutenfrie mjølvarer og utstyr osb.
  • Det var behov for nye kvitevarer som komfyr med induksjonstopp og pyrolyse, innebygd kjøl- og fryseskap, samt mikrobølgeomn og oppvaskmaskin med hurtigvask
  • Ønske om kontorplass med dockinguttak, PC-skjerm, bokhyller til lærar, og nye nettbrett til studentane
  • Funksjonelle trillebord, nye sittekrakkar med oppheng ved stasjonane
  • Vi hadde for lite dekketøy og ønska nytt og nok servise, glas og bestikk til minst 30 personar
  • Oppdatering av kjøkkenutstyr var nødvendig, slik som nye kjøkkenmaskiner, vaffeljern,  vakuumeringsmaskin, skjerefjøler, elektroniske vekter, gode knivar, gryter, steikepanner, klutar og handkle osb.
  • Ønsket var eit kjøkken med liknande estetisk uttrykk som resten av Kaarstad-huset.
  • Totalrenovering omfatta nytt golvbelegg, strie vart endra til malte slette veggar med kantvern på utsette hjørne, samt nytt røropplegg og elektrisk arbeid
  • Det var viktig med gode interiørtiltak som harmonisk fargeval, sofabenk med puter, nok ladepunkt, og punkt- og/eller soft belysning i tillegg til allmennbelysning.
  • Ønske om utstillingsplass med glasdører for artefakter til bruk i undervisninga
  • Ønske om bruk av god design på interiørutstyr, slik som gamle fotografi frå skulekjøkkenundervisninga på Volda lærarskule, norsk design med Ildhane og Nunatak lysestake (Nedre Foss), samt litt gamalt utstyr som smørform, matøske, vekt, krydder- og mjølsett, bærplukkar, handringeklokke, plakatar og skulekjøkkenet si første kokeplate.
  • Ønske om at slutte med stearinlys og erstatte det med elektriske lys.

Sjå alle bilda frå kjøkkenet: https://www.hivolda.no/media/22901 Foto: Kari Ryslett

Litteratur:

Kirke- og undervisningsdepartementet ved Statens skolekjøkkenkonsulent. (1941). Skolekjøkkensaken i Norge gjennom 50 år. Oslo: Departementet. Henta frå http://www.nb.no/nbsok/nb/b335ca14253961849b76928f76d7e83e.nbdigital?lang=no#6

Øverbø, E. M. & Engeset, D. (2020). Fagdidaktikk i mat og helse. (2.utg). Oslo: Cappelen Damm Akademiske

Publisert: 27. september 2021